Cho Oyu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cho Oyu | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 8 201 m. | |
Ligg i/på | Nepal og Kina (Tibet) | |
Fjellkjede | Mahalangur Himal, Himalaya | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Førsteklatring | 19. oktober 1954, Herbert Tichy, Joseph Jöchler og Pasang Dawa Lama. |
Cho Oyu er ein fjelltopp på grensa mellom Nepal og Tibet. Fjellet er det sjette høgaste fjellet i verda og ligg i Himalaya, 20 km vest for Mount Everest. Cho Oyu tyder turkis gudinne på tibetansk.
Det første forsøket på å klatre opp fjellet blei gjort av ein ekspedisjon leia av Eric Shipton. Fjellet blei første gong klatra 19. oktober 1954 av Herbert Tichy, Joseph Jöchler og sherpaen Pasang Dawa Lama, som var ein del av ein austerriksk ekspedisjon. Cho Oyu var det femte fjellet på over 8000 meter som vart klatra, etter Annapurna i juni 1950, Mount Everest i mai 1953, Nanga Parbat i juli 1953 og K2 i juli 1954.
Cho Oyu er eit populært fjell i klatrekretsar fordi det, relativt sett, er eitt av dei enklaste fjella over 8000 meter å nå toppen av. Eirik Tryti var første nordmann på toppen (4. mai 1993, utan oksygen og berarar/sherpaer). I 2004 blei Tormod Granheim første nordmann som køyrte ski ned fjellet. Han klatra aleine utan oksygen frå Advanced Base Camp til topps på 13 timar før skituren ned.
|
||
---|---|---|
Everest | K2 | Kangchenjunga | Lhotse | Makalu | Cho Oyu | Dhaulagiri | Manaslu | Nanga Parbat | Annapurna | Gasherbrum I | Broad Peak | Gasherbrum II | Shisha Pangma |