Bone Machine
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bone Machine Studioalbum av Tom Waits |
||
Utgjeve | 8. september 1992 | |
Sjanger | Rock, eksperimentell blues | |
Lengd | 53:30 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Joe Marquez Tom Waits |
|
Tom Waits-kronologi | ||
---|---|---|
Night on Earth (1992) |
Bone Machine | The Early Years, Volume Two (1993) |
Bone Machine er eit musikkalbum av Tom Waits frå 1992 på Island Records. Waits vann ein Grammy Award for albumet i kategorien «beste alternative musikkalbum».
Dette nakne albumet inneheld mykje perkusjon og gitar (og lite piano og saksofon) og markerte ei ny vending i Waits sitt lydbilete. Kritikar Steve Huey kalla det «kanskje Tom Waits sitt mest samanhengande album...eit makabert, skummelt mareritt, eit som nyttar dei underlege eksperimenta i klassikarane på 1980-talet til overveldande flott, og ofte opprivande, effekt ...den mest gripande og mektige plata til Waits, sjølv om det er langt frå hans mest tilgjengelege.»[1] Albumet har ein svært naken atmosfære med tekstar om mord, sjølvmord og korrupsjon. Tom Waits skreiv halvparten av songane i lag med kona si, Kathleen Brennan. Songen «That Feel» er skriven i lag med Rolling Stones-gitaristen Keith Richards, som òg er med på koring .
Bilete på plateomlaget er tatt av Jesse Dylan, son til Bob Dylan.
Songen «Goin' Out West» var med i filmen Fight Club frå 1999 og har vorte spelt av Queens of the Stone Age og Gomez.
[endre] Innhald
Alle songar er skrivne av Tom Waits, bortsett frå der andre er nemnd.
- «Earth Died Screamin»g – 3:39
- «Dirt in the Ground» (Waits / Kathleen Brennan) – 4:08
- «Such a Scream» – 2:07
- «All Stripped Down» – 3:04
- «Who Are You» (Waits / Brennan) – 3:57
- «The Ocean Doesn't Want Me» – 1:51
- «Jesus Gonna Be Here» – 3:21
- «A Little Rain» (Waits / Brennan) – 2:58
- «In the Colosseum» (Waits / Brennan) – 4:50
- «Goin' Out West» (Waits / Brennan) – 3:19
- «Murder in the Red Barn» (Waits / Brennan) – 4:29
- «Black Wings» (Waits / Brennan) – 4:37
- «Whistle Down the Wind» – 4:36
- «I Don't Wanna Grow Up» (Waits / Brennan) – 2:31
- «Let Me Get Up On It» – 0:55 (Instrumental)
- «That Feel» (Keith Richards / Waits) – 3:11
[endre] Musikarar
- Bryan Mantia eller Brain - Trommer
- Kathleen Brennan - Klappar
- Ralph Carney - Altosaksofon, tenorsaksofon, bassklarinett
- Les Claypool - Elektrisk bass
- Joe Gore - Gitar
- David Hidalgo - Trekkspel, fiolin
- Joe Marquez - Banjo, klappar
- David Phillips - Pedal steelgitar, steelgitar
- Keith Richards - Vokal, gitar
- Larry Taylor - Ståbass, gitar
- Waddy Wachtel - Gitar
- Tom Waits - Vokal, gitar, perkusjon, trommer, chamberlin, piano, stånass, bråk, klappar
[endre] Fotnotar
Tom Waits |
---|
Closing Time • The Heart of Saturday Night • Nighthawks at the Diner • Small Change • Foreign Affairs • Blue Valentine • Heartattack and Vine • One from the Heart • Swordfishtrombones • Rain Dogs • Franks Wild Years • Big Time • Night on Earth • Bone Machine • The Black Rider • Mule Variations • Blood Money • Alice • Real Gone • Orphans: Brawlers, Bawlers & Bastards |
Tilknytta artiklar |
Kathleen Brennan • Greg Cohen • Marc Ribot |