Taraz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Plassering | |||
---|---|---|---|
Plasseringa i Kasakhstan | |||
Styresmakter | |||
Land Oblast |
Kasakhstan Zjambyl oblast |
||
Grunnlagd | 568 | ||
Akim | Iljas Tortajev | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - By (1999) |
330 100 |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Tidssone | BTT (UTC+6) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 080001 - 080019 | ||
Telefon-retningsnummer | +7 7262 | ||
Bilnummer | A | ||
Heimeside: http://www.gorakim.kz/ |
Taraz (kasakhisk og russisk Тараз, tidlegare Talas, Dzjambul (russisk Джамбу́л, kasakhisk Жамбы́л) og Aulije-Ata (kasakhisk Әулие́-Ата, russisk Аулие́-Ата) er ein by i Kasakhstan og hovudstaden i Zjambyl oblast. Han ligg sør i landet, nær grensa til Kirgisistan ved elva Talas. Byen har om lag 330 000 innbyggjarar (1999), som var 9 % meir enn i 1989, noko som gjer han til ein av dei raskaste veksande byane i landet etter Astana og Turkistan.
Han er ein av dei eldste byane i Kasakhstan og i Transoksania og Taraz feira 2000-årsjublieumet sitt (anerkjend av UNESCO) i 2001 etter ein festning som vart bygd av ein hunar kalla Zhizhi og i år 36 fvt. var staden åstad for slaget ved Zhizhi.[1] Byen vart først registrert med namnet Talas i 568 evt. av Menander Protector og i mellomalderen blømde Talas som eit stort handelssenter langs silkevegen. I 751 stod slaget ved Talas her mellom styrkar frå det kinesiske Tang-dynastiet og styrkane til det arabiske Abbasid-kalifatet. Slaget fann stad ein stad langs elva Talas i Talasdalen. Eit av dei direkte utfalla av slaget var at arabarane stal med seg oppskrifta på papirfabrikasjon og det med til vesten.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen bygger på «Taraz» frå Engelsk Wikipedia, den 18. januar 2008.
- Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene:
- Что было в Тысячелетиях Тараза
- Semirech'e
- Тараз 2000 - Исторические очерки
- Qarakhanid Dynasty (Encyclopedia Britannica
- Сайт средней школы №3 г.Тараза
[endre] Fotnotar
- ↑ General Conference30th Session, Paris 1999. unesco.org.