Skjor
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjora |
||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Skjora (fotografert av Svein Jan Hjelmeset.) |
||||||||
Systematikk | ||||||||
|
||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||
Pica pica Linné, 1758 |
Skjora (Pica pica) er ein stor fugl i kråkefamilien. Ho er standfugl i Europa, store delar av Asia og i Nordvest-Afrika, og er vanleg å sjå i Noreg.
[endre] Skildring
Skjora er ein langstjerta fugl med eit karakteristisk mønster i svart og kvitt. Dei svarte fjørene har ein metallskinnande glans i blått, grønt og lilla. Ho kan også vere heilt kvit (albino), som vist på biletet under.
Skjora trivst best i ope landskap, og ho lever i heile Noreg, heilt opp til bjørkebeltet. Ho er ein standfugl,det vil seie at ho er her heile året.
Skjora et både plantar og dyr. Skjora drep sjeldan byttet sjølv, sidan ho er ein åtselfugl slik som slektningane sine, kråka og ramnen.
Skjora byggjer reir i tre, busker, under husmøne osb. Alt etter om ho legg reiret høgt eller langt nede i eit tre, har frå gammalt av vore vermerke for resten av sommaren[1][2]. Ho legg 6-8 egg i april-mai. Rugetida er 17-19 dagar. Fuglen rugar gjerne på eit hønseegg om det vert lagt oppi reiret[manglar kjelde].
[endre] Kjelder
[endre] Fotnotar