Shannontalet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shannontalet, 10120, var det første estimatet av kompleksiteten til sjakk innan spelteori. Det var opphavsmannen til informasjonsteori, Claude Shannon, som rekna ut talet. Han meinte at eit parti sjakk har i gjennomsnitt 40 trekk, og at kvar spelar kan velga mellom rundt 30 moglege trekk. Derfor finst det(30×30)40, eller 90040 moglege sjakkspel. Dette talet er om lag 10120, sidan løysinga på likninga 90040=10x er x=40×log 900.
Kompleksiteten til sjakk er i dag blitt justert opp til om lag 10123. Det er vanleg å samanlikna dette talet med kor mange atom ein rekner med det finst i universet – eit mykje lågare tal, mellom 4×1078 og 6×1079.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Sjakk og matematikk frå mathworld (engelsk)