Samer bosatt i Sør-Norge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samer bosatt i Sør-Norge (Sámit Mátta/Lulli-Norggas) er eit politisk parti som stilte til val til Sametinget i 2005 og fekk ein representant, Johan Mikkel Sara.
I dette valet fekk Arbeidarpartiet og Norske samers riksforbund like mange representantar (18), og sju småparti fekk ein representant kvar. Fire av desse, den såkalla firarbanden (Samer bosatt i Sør-Norge, Samefolkets parti, Senterpartiet og Flyttsamelista), støtta NSR mot at dei fekk gjennomslag for visse krav, både med omsyn til politikk og posisjonar. M.a. fekk Samer bosatt i Sør-Norge visepresidentposten.