Romano Prodi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romano Prodi (fødd 9. august 1939) er ein italiensk politikar, som leidde koalisjonen av sentrum-venstreparti som fekk fleirtal ved parlamentsvalet i Italia i april 2006. Han etterfylgde med det Silvio Berlusconi som statsminister 17. mai same år.
Han er utdanna jurist frå det katolske universitetet i Milano, og har òg studert ved London School of Economics. Han byrja karrieren sin som professor i økonomi, og vart på 1970-talet aktiv i italiensk politikk. Han vart industriminister i 1978, og var statsminister i Italia frå 1996 til 1998.
Han var formann for EU-kommisjonen frå september 1999 til 2004.
Italienske medier melder 21. februar 2007 at Prodi har levert ein avskjedssøknad til Italia sin president Giorgio Napolitano. Nokre dagar seinare vert det klart at presidenten ikkje godtek avskjedssøknaden frå Prodi, som då må be nasjonalforsamlinga om fornya tillit.
[endre] På verdsveven
- Nettsida til Romano Prodi (på italiensk)
- Offisiell side for formannen for EU-kommisjonen (på dansk)
Føregjengar: Lamberto Dini |
Statsminister i Italia |
Etterfylgjar: Massimo D’Alema |
Føregjengar: Silvio Berlusconi |
Statsminister i Italia (2006– )
|
Etterfylgjar: |