Pratibha Patil
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pratibha Patil, marathi प्रतिभा पाटील, (f. 19. desember 1934) er ein indisk politikar og president i India sidan 25. juli 2007. Ho er den første kvinnelege presidenten i India. Ho er medlem av Den indiske nasjonale kongressen (Indian National Congress, ofte kalla Kongresspartiet), og vart nominert av regjeringskoalisjonen Den sameinte framstegsalliansen (United Progressive Alliance) og Venstrefronten (Left Front). Ho vart vald ved indirekte val den 19. juli 2007.
Patil vart fødd i landsbyen Nadgaon i Maharashtra. Ho tok mastergrad ved universitetet i Jalgaon i Maharashtra, og ein grad i jus i Mumbai. Ho sat i delstatsparlamentet i Maharashtra frå 1962 til 1985. Ho hadde òg diverse ministerpostar i delstatsregjeringa. Frå 1986 til 1988 var ho visepresident for overhuset i det indiske parlamentet. Frå 1991 til 1996 sat ho som folkevald i underhuset i det indiske parlamentet. Frå 2004 til 2007 var ho den første kvinnelege guvernøren i delstaten Rajasthan.
Pratibha Patil gifta seg i 1965 med Devisingh Ramsingh Shekhawat. Dei har ein son og ei dotter.
Føregjengar: Abdul Kalam |
President i India (2007–)
|
Etterfylgjar: |
- Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå engelsk wikipedia den 23. februar 2008.