Pozzolan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pozzolan er stoff som ved reaksjon med kalkhydrat og vatn dannar liknande produkt som ved reaksjon mellom portlandsement og vatn. Pozzolan-stoff kan verte bruka som tilsats eller som erstatning for ein del av portlandsement. Dei mest kjende er flygeoske og silikastøv. Silikastøv er eit avfallsstoff frå ferrosilisiumframstilling.
Andre tilsatsstoff kan brukast ved støyping under vatn, dei kan vere smørande eller stabilisarende.
Namnet pozzolan kjem frå byen Pozzuoli nær Napoli. Her fann romarane vulkanoske som dei knuste og blanda med brent kalk. Blandinga gav eit sterkt bindemiddel som dei brukte ved muring av store byggverk. Vulkanoska kom frå kalksteinsom under vulkanutbrot var utsett for høge temperaturar.