Plattysk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plattysk (Plattdüütsch, Platt) eller nedertysk (nedderdüütsch) eller lågtysk er eit vestgermansk språk nært i slekt med nederlandsk og frisisk som først og fremst blir tala i det nordlege Tyskland. Plattysk var hovudspråket for hansaene i seinmellomalderen og kom til å få svært sterk innverknad på dei skandinaviske språka.
Plattysk skil seg ut frå høgtysk ved at den høgtyske konsonantforskyvinga ikkje har funne stad, og stort sett òg ved mangelen av diftongisering av dei gamle lange vokalane î og û.
Nedertysk kan delast i tre greiner, nedersaksisk, austnedertysk og nederfrankisk. Dei første to blir hovudsakleg tala i dagens Nord-Tyskland. Den siste omfattar nederlandsk og afrikaans som blir tala i Sør-Afrika.
Det engelske språket, samt frisisk, er utvikla frå ei eldre form for nedertysk, gammalsaksisk (også kalla gammalnedertysk).
I hansatida var nedertysk lingua franca i heile Austersjøområdet, noko som i stor grad har prega utviklinga av dei skandinaviske språka. Om lag 60 % av det norske vokabularet skal vere av nedertysk opphav.
Ekstern lenkje: Den plattyske wikipediaen finn du her [1]
Germanske språk |
Austgermansk: gotisk | krimgotisk | vandalisk | burgundisk |
Nordgermansk: islandsk | færøysk | norn | norsk | dansk | svensk | rodi | romani |
Vestgermansk: tysk | jiddisch | plattysk | frisisk | nederlandsk | afrikaans | engelsk | skotsk | langobardisk |