Peter Jebsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Jebsen (6. mai 1824–30. oktober 1892) var ein forretningsmann. Han vaks opp i hertugdømet Slesvig, som den gong låg under Danmark. Han var fødd i Broager sogn på øya Sundeved i Nord-Slesvig og var bror til Jürg Jebsen og Johan Jebsen. Han kom til Bergen i 1843. Etter å ha vore tilsett eit par år hjå Gades Manufaktur i Bergen, kjøpte han Blindheimselva i Ytre Arna for 200 spesidalar, halve formuen sin. I 1846 bygde han eit bomullsveveri ved utløpet til elva med 36 vevstolar som han hadde kjøpt i England. Dette skal ha vore det første mekaniserte bomullsveveriet i Noreg. Verksemda auka raskt, og etterkvart vart det bygd både bomullsspinneri, fargeri og bleikeri på staden. Dette vart starten på Arne_fabrikker.
I tillegg til å vere industrigründer, vart Peter Jebsen også ein pioner innan samferdslehistoria på Vestlandet. Fabrikken kjøpte i 1864 dampbåten D/S «Arne». Den viktigaste oppgåva for båten var transport mellom fabrikken i Arna og Bergen, samstundes vart han den første rutebåten som gjekk i trafikk mellom Bolstad og Bergen. Peter Jebsen var også ein av dei som jobba for å få ein jarnbane mellom Bergen og Voss.