See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Orinoco - Wikipedia

Orinoco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Orinoco
Bru over Orinoco ved Ciudad Bolívar i Venezuela
Bru over Orinoco ved Ciudad Bolívar i Venezuela
Utspring Cerro Delgado-Chalbaud, Parima, Venezuela og Brasil
- Høgd 1 047 moh
Munning Delta Amacuro, Atlanterhavet
- Høgd 0 moh
Land i nedslagsfelt Venezuela, Colombia
Lengd 2 410 km
Middelvassføring 33 000 m³/s
Nedslagsfelt 880 000 km²

Orinoco er ei av dei lengste elvane i Sør-Amerika med ei lengd på 2 410 km. Bekkenet som elva drenerer dekkjer ca. 880 000 km², av det ligg meir enn tre fjerdepartar i Venezuela. Elva vert ofte også kalla Orinoquia, spesielt i Colombia. Orinoco og sideelvane har vore hovudtransportsystemet i austre og indre del av Venezuela og i Llanos i Colombia. Men ettersom elvefart mistar verde i fleire land, vert mange gamle vassvegar i utkanten av Orinoco meir kommunikasjonshindringar enn nyttige som kommersielle transportvegar.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Illustrasjon av Orinoco-bekkenet
Illustrasjon av Orinoco-bekkenet

Utlaupet av Orinoco ut i Atlanterhavet vart sett av Columbus så tidleg som 1. august 1498 som ein del av Columbus si tredje Amerika-reise, medan kjelda ved fjellet Cerro Delgado-Chalbaud (02°19′05″N 63°21′42″W ) vart utforska først 453 år seinare i 1951 av ei felles venezuelansk-fransk gruppe. Fjellet har ei høgd på 1 047 moh. og ligg i Sierra Parima på grensa mot delstaten Roraima i Brasil. Elvedeltaet til Orinoco og sideelvane i austre Llanos så som Apure i Venezuela og Meta i Colombia vart utforska på 1500-talet av tyske ekspedisjonar under leiing av Ambrosius Ehinger og etterfølgjarane hans. I 1531 starta Diego de Ordaz ved hovudutlaupet i Orinocodeltaet og seglde opp elva til Meta. Antonio de Berrio seglde ned sideelva Casanare til Meta, vidare ned Orinoco og tilbake til Coro.

Alexander von Humboldt utforska bekkenet i 1800, rapporterte om lyseraude elvedelfinar og publiserte vidt om flora og fauna. [1]

[endre] Geografi

Orinoco i delstaten Amazonas i Venezuela.Foto: Jesús Rincón
Orinoco i delstaten Amazonas i Venezuela.
Foto: Jesús Rincón
Kryssing av Orinoco på ein lektar med slepebåt på grensa mellom delstaten Apure, delstaten Bolívar og departementet Vichada i Colombia  .Foto: Sergio Henao
Kryssing av Orinoco på ein lektar med slepebåt på grensa mellom delstaten Apure, delstaten Bolívar og departementet Vichada i Colombia .
Foto: Sergio Henao

Elvefaret åt Orinoco teiknar ein vid ellipseforma boge rundt Guayanaskjoldet, det er delt inn i fire strekningar av ulike lengder som grovt sett samsvarar med inndelingar i lengderetninga ein vanlegvis finn i ei typisk stor elv:

  • Øvre Orinoco er 242 km lang frå utspringa ned til dei stride Raudales de Guaharibos, flyt dei første kilometrane gjennom fjellandskap i ei nordvestleg retning nær vasskilet mot Amazonaselva.
  • Midtre Orinoco er 750 km lang, vidare inndelt i to sektorar, først ca. 480 km i vestleg retning ned til møtepunktet med elvane Atabapo and Guaviare ved byen San Fernando de Atabapo. Andre delen flyt nordover omkring 270 km som grenseelv mellom Venezuela og Colombia, begge sider er elva er omkrinsa av dei mest vestlege førekomstar av granitt i Guayanaskjoldet, noko som avgrensar område som kan råkast av flaum. Vidare flyt Orinoco her ned mot Atures-stryka nær krysset mot sideelva Meta ved Puerto Carreño,
  • Nedre Orinoco, 959 km lang med godt utvikla sedimentasjonssonar. Ho flyt her i nordaustleg retning frå Atures-stryka ned til Piacoa ved Barrancas.
  • Delta Amacuro, eit 200 km langt og opp til 370 km breitt elvedelta tømmer Orinoco i Paríabukta og Atlanterhavet, område er kring 22 500 km² i areal.

Ved utmunninga forgreinar floda seg til hundrevis av elvar og kanalar gjennom eit myrlendt og skogkledd område på 41 000 km², lik arealet av begge trøndelagsfylka til saman. I regntida kan Orinoco svelle ut til ein breidde på 22 kilometer og ei djupne på 100 meter. Orinoco drenerer eit stort areal, dei mest viktige elvar i Venezuela er sideelvar til floda, den største er Caroní som sluttar seg til Orinoco ved Puerto Ordaz, ikkje langt frå Lloviznafossen.

Ein kuriositet knytt til elvesystemet Orinoco er Casiquiarekanalen som startar som ein arm til midtre Orinoco, men finn veg til Rio Negro, ei sideelv til Amazonaselva, og såleis formar ein naturleg kanal, bifurkasjon mellom Orinoco og Amazonaselva.

[endre] Vektige sideelvar i Orinoco-bassenget

  • Apure: frå nordvestre Venezuela aust for Cordillera de Mérida ned til Orinoco
  • Arauca: som grenseelv mot Colombia til austre Venezuela ned til Orinoco
  • Atabapo: frå delen av Guayanahøgslettene som ligg lengst nord i Venezuela
  • Caroní: også frå delen av Guayanahøgslettene som ligg lengst nord i Venezuela
  • Casiquiarekanalen: in søraustlege Venezuela, ei avgreining frå Orinoco sørvestover mot Negro, ei hovudbielv til Amazonas
  • Caura: frå austre Venezuela (Guayanahøgslettene) nordover mot Orinoco
  • Guaviare: frå Colombia austover mot Orinoco
  • Inírida: frå Colombia nordaustover til Guaviare.
  • Meta: frå Colombia, dels ei grenselev mot Venezuela i retning aust mot Orinoco
  • Ventuari: frå austlege Venezuela (Guayanahøgslettene) sørvestover mot Orinoco
  • Vichada: frå Colombia mot aust

[endre] Økologi

Amazonasdelfinen lever også i elvesystemet Orinoco.

The Orinoco-krokodillen er ein av dei mest sjeldne artar av reptil i verda med færre enn 250 individ att fritt i naturen. I dag finst arten berre i Orinoco-bassenget.

Karibiapirayaer, Pygocentrus cariba lever i vassdraget.

[endre] Samferdsel og økonomisk aktivitet

Opning av Orinocobrua med presidents Hugo Chávez og Lula da Silva
Opning av Orinocobrua med presidents Hugo Chávez og Lula da Silva

Elva er navigerbar i det meste av strekninga, frå havet opp til Ciudad Guayana er elva mudra med skipsrenner for store skip. Elvebåtar kan frakte last opp til Puerto Ayacucho og til Atures-stryka. Den første brua over Orinoco vart ferdig i 1967 og bygd for biltrafikk. Ho har namnet Angosturabrua og ligg på vestsida av Ciudad Bolívar. Orinocobrua ca. 100 km lengre aust, rett ovanfor Ciudad Guayana er ei kombinert jernbanebru og bru for bilar. Ho har styrka infrastrukturen for samferdsel mellom Guayana-regionen med den vektige industribyen Ciudad Guayana på den eine sida og delstatane Anzoátegui og Monagas på den andre sida og dessutan mellom Venezuela og Brasil.

På nordsida av Orinoco ligg Orinocobeltet, eit geologisk område med store førekomstar av ekstra tung råolje og bitumen i tjæresand. Området strekk seg over ca. 600 kilometer i lengde gjennom delstatane Guárico, Anzoátegui og Monagas. I 2005 var gjennomsnittleg dagsproduksjon av tungolje frå området på 600 000 fat og det var fem aktive prosjekt. [2] [3] [4]

[endre] Rekreasjon og sport

Sidan 1988 har ei av verdas største symjetevlingar går føre seg årleg på søndagen nærast 19. april på Orinoco og Caroní. Opp mot 1000 konkurrentar deltek då på Paso a Nado Internacional de los Rios Orinoco-Caroní som byane Ciudad Guayana og Alcaldia Mayor de Caroní arrangerer. [5]


[endre] Kjelder

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Orinoco frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Stark, James H. 1897. Stark's Guide-Book and History of Trinidad including Tobago, Granada, and St. Vincent; also a trip up the Orinoco and a description of the great Venezuelan Pitch Lake. Boston, James H. Stark, publisher; London, Sampson Low, Marston & Company.
  • MacKee, E.D., Nordin, C.F. and D. Perez-Hernandez (1998). "The Waters and Sediments of the Rio Orinoco and its major Tributaries, Venezuela and Colombia." United States Geological Survey water-supply paper, ISSN 0083; 2326/A-B. Washington: United States Government Printing Office.
  • Weibezahn, F.H., Haymara, A. and M.W. Lewis (1990). The Orinoco River as an ecosystem. Caracas: Universidad Simon Bolivar.
  • Rawlins, C.B. (1999). The Orinoco River. New York: Franklin Watts.

[endre] Referansar

  1. Helferich, Gerard (2004) Humboldt's cosmos: Alexander von Humboldt and the Latin American journey that changed the way we see the world Gotham Books, New York, ISBN 1-59240-052-3
  2. Forero, Juan (1 June 2006) "For Venezuela, A Treasure In Oil Sludge" New York Times Vol. 155 Issue 53597, pC1-C6
  3. Guntis Moritis, Venezuela plans Orinoco expansions, Oil & Gas Journal November 21, 2005 volume 103, issue 43
  4. L.R. Aalund, Technology, Money Unlocking Vast Orinoco Reserves, Oil & Gas Journal October 19, 1998 volume 96, issue 42
  5. "Antecedentes y Sumario Paso a Nado Internacional de Los Rios Orinoco/Caroni" Paso Nado Internacional de Los Rios Orinoco y Caroní Official website på spansk.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -