Omsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omsk (russisk språk Омск), er ein by vest i Sibir i Russland. Byen ligg i låglandet vest i Sibir ved stranda til elva Irtysj. Omsk vart grunnlagd i 1716. Byen har kring 1,2 millionar innbyggjarar. Omsk er administrasjonsstad for Omsk oblast.
Omsk er ein viktig industristad for Russland. Byen har òg universitet, frå 1974. Omsk er eit knutepunkt for jernbaner innan den transsibirske jernbana. Jernbana har hatt mykje å seia for Omsk si utvikling.