Olga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olga er eit kvinnenamn som i dei nordiske landa er lånt inn frå russisk. Til russisk er det avleia av det norrøne namnet Helga som tyder heilag. Det var vikingar som fór i austerveg som tok namnet med seg austover. Olga har namnedag 30. mars i Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Bruken av namnet i Noreg
- I 1801 var ei jente listeført i folketeljinga med namnet Olga.
- I 1900 hadde vel 11000 namnet Olga.
- Per 1.1.2007 har vel 3500 Olga til første fornamn.
[endre] Kjente namneberarar
- Olga Tsjekhova (1897–1980), russisk-tysk skodespelar
- Olga Dysthe (1940–), norsk professor i pedagogikk og forfattar
- Olga Konkova (1969–), russisk-norsk jazzmusikar
[endre] Sjå òg
- Søk etter norsk namnestatistikk for Olga hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olga 1801-folketeljinga
[endre] Andre kjelder
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget