Nizjnij Novgorod
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nizjnij Novgorod (russisk:Ни́жний Но́вгород) er den tredje største byen i Russland og hovudstaden i Nizjegorod oblast. (Må ikkje forvekslast med Novgorod/Velikij Novgorod.) I juli 2003 hadde byen 1 334 249 innbyggjarar.
Byen ligg 400 km aust for Moskva (i same tidssone), der elvane Volga og Oka spring saman. Den vart grunnlagt i 1221 av fyrst Jurij Vsevolodovitsj av Vladimir. I 1932 gav Josef Stalin byen namnet Gorkij, etter den russiske forfattaren Maksim Gorkij, som vart fødd her i 1868. I sovjettida vart byen brukt til militær forsking og utvikling og var av den grunnen forbudt område for utlendingar Fredsprisvinnar Andrej Sakharov vart forvist til eksil der fordi myndigheitene ynskte å begrense kontakta hans med omverda. Nizjnij Novgorod fekk tilbake sitt opprinnelege namn i 1991.
Sjølv om byen ligg på elvebreidda, er klimaet typisk innlandsklima, med lange, kalde og snørike vintrar, og stabilt, varmt sommarvêr.