Maldivane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ދިވެހިރާއްޖޭގެ ޖުމުހޫރިއްޔާ
|
|||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
Nasjonale motto: Ingen | |||||||
Offisielle språk | Dhivehi (maldivisk) | ||||||
Hovudstad | Male | ||||||
Styresett |
Republikk Maumoon Abdul Gayyoom |
||||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
300 km² (212.) Nær 0% |
||||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
349 106 (166.) — 1 164/km² (5.) |
||||||
Sjølvstende Frå Storbritannia |
26. juli, 1965 | ||||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
2 557 mrd. USD (162.) 7 640 USD (79.) |
||||||
Valuta | Rufiyah (MVR) | ||||||
Tidssone | UTC +5 | ||||||
Nasjonalsong | «Gavmii mi ekuverikan matii tibegen kuriime salaam» | ||||||
Nasjonaldag | 26. juli (sjølvstendedag) | ||||||
Internasjonal telefonkode | +960 | ||||||
Nasjonale toppdomene | .mv
|
Maldivane er ein øystat i Det indiske havet som ligg sør-sørvest for India. Ho inneheld 1 192 øyar, men det bur folk på berre 200 av dei. Hovudnæringane er turisme og fiske.
Øyane er blitt skildra som eitt av verdas under av Ibn Batuta og den indiske blomen av Marco Polo. Nasjonaltreet til Maldivane er kokosnøttpalme.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Dei særskilde atollrekken blei skapt av korallar mellom 65 og 200 millionar år sidan oppå ein utdøydd vulkansk fjellkjede.
Det har budd folk på øyane i minst 2.500 år, kanskje endå lengre. Dei opphavlege busettarane var truleg dravidiske folk frå Sør-India som snart blei følgde av indoeuropearar, truleg frå Sri Lanka. Kulturen på øyane fekk mykje påverknad frå Sri Lanka, og var lenge buddhistisk. Det maldiviske språket dhivevi er i slekt med sinhalesisk.
Men nye sjøfarande folk kom etter kvart i kontakt med øybuarane, og i 1151 konverterte den maldiviske kongen til islam, noko folket snart gjorde etter. Herskaren tok namnet Muhammad al-Adil og grunnla eit muslimsk sultanat som skulle vara fram til 1968. Den arabiske påverknaden kan ein sjå på dhiveviskrifta, som bygger på arabisk skrift.
Portugal hadde herredøme over øyane i femten år, frå 1558 til 1573, før sultan Muhammad Thakurufaanu Al-Azam dreiv dei ut. På 1600-talet hadde Nederland makta i området, men prøvde ikkje å styra øyriket. I 1887 blei Maldivane eit britisk protektorat, men sultanen var fortsatt statsoverhovud.
Etter at øygruppa fekk sjølvstende i 1965 fortsette sultanen å styra i tre år før sultanstyret blei avskaffa den 11. november 1968. Maldivane blei republikk og fekk det noverande namnet sitt.
Maumoon Abdul Gayoom har hatt makta i landet sidan 1978. Han er blitt prøvd avsett i tre mislukka statskupp. Etter det siste tok Gayoom til å innføra nokre demokratiske reformar, til dømes ein ny grunnlov i 1998 som gjorde det lovleg for andre å stilla som presidentkandidat.
[endre] Geografi
Maldivane har 26 naturlege atoll som er delte inn i 20 «administrative atoll». Kvart av desse er styrt av ein atolleiar, atholhu veriyaa.
Det minste administrative atollet er Fua Mulaku. Det dekker bare ei øy, men til gjengjeld er ho den største i Maldivane. Det største atollet i verda såvel som i øygruppa er Huvadhu.
Det høgaste punktet på Maldivane er 2,3 m.o.h., noko som gjer det til det flataste landet i verda, og svært utsett for eit eventuelt høgare havnivå. Underleg nok har havnivået tvert imot sunke på øyane i dei siste tiåra.
26. desember 2004 blei Maldivane trufne av 10 meter høge bølger frå ei flodbølgje forårsaka av eit undersjøisk jordskjelv. Nesten heile øygruppa blei oversvømt. Minst 75 menneske blei sakna, inkludert 6 utlendingar. All infrastruktur blei øydelagd på 13 av dei befolka øyane. Hovudstaden Male blei verna av ein 3,5 m høg molo utanfor byen som tok det meste av krafta frå bølgja.
[endre] Klima
Maldivane har eit tropisk klima med mykje nedbør og høge temperaturar året rundt. Øyane nær eller sør for ekvator har nedbøren jamt fordelt gjennom året eller eit lite maksimum i perioden november til mars. Byen Male har ein årleg nedbørsnormal på 1613 mm. Dei nordlege øyane vert av og til råka av kraftige tropiske syklonar i Arabiahavet mellom august og november. Desse fører med seg svært kraftig vind og svært mykje nedbør.
[endre] Folkesetnad
Maldivarane er eit nokså likt folkeslag med ei rekke forskjellige røter: Dravidiske, indoeuropeiske, arabiske, australasiatiske og afrikanske. Dei fleste maldivarane tilhøyrer sunniislam, bare nokre få indiske innvandrarar tilhøyrer andre religionar.
Av dei 300 000 innbyggjarane på Maldivane bur 80 000 i hovudstaden Male.
Øystatar i Asia |
Aust-Timor | Brunei | Filippinane | Indonesia | |