Mahinda Rajapakse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mahinda Rajapakse (f. 18. november 1945), blei 18. november 2005 vald til president på Sri Lanka. Rajapakse var tidlegare statsminister i landet. Han tilhøyrer det sosialistiske partiet Sri Lankas Fridomsparti (SLFP).
Rajapakse er ein singalesisk buddhist frå Hambantota sør på øya. Før han blei valgt hadde han markert seg som kritisk til fredsprosessen med dei tamilske tigrane og det han oppfatta som utanlandsk innblanding, mellom anna frå Noreg. Opprørsgruppa oppfordra folk til å boikotta valet. Som følge av dette var valdeltakinga blant srilankiske tamilar svært låg. Det var likevel venta at Rajapakse vil fortsetja fredssamtalane.
Rajapakse er utdanna advokat, men har vore rikspolitikar for Hambantota sidan 1970. Far hans var før han folketingsrepresentant for det same området frå 1947 til 1960. Han har lenge vore ein alliert av tidlegare president Chandrika Kumaratunga, og var frå 1994 til 2001 minister for arbeid og fiske i regjeringa hennar. I april 2004 blei han utpeikt som statsminister. Ein hadde venta at Kumaratunga skulle velja Lakshman Kadirgamar, ein nær rådgjevar og tidlegare utanriksminister, men han mangla støtte i folket og var i tillegg ein kristen tamil.
Han blei vald som president for Sri Lanka med 50,33 prosent eller rundt 180 000 fleire stemmer enn konkurrenten Ranil Wickremasinghe.