Lyngen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For fjorden med same namn, sjå Lyngenfjorden
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1938 |
Fylke: | Troms |
Administrasjonssenter: | Lyngseidet |
Flatevidd: | 810 km² |
Folketal: | 3 208 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2007-2011): | Hans Karlsen (Frp) |
Målform: | Nøytral |
Nettstad: | www.lyngen.kommune.no |
Lyngen kommune (samisk: Ivggu suohkan, kvensk: Yykeän komuuni) ligg mellom fjordane Lyngen og Ullsfjorden i Troms. Kommunen grensar i vest mot kommunane Karlsøy og Tromsø og i aust mot Skjervøy, Nordreisa, Kåfjord og Storfjord.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Dei eldste spora etter busetjing i Lyngen er frå yngre steinalder (3000 f.Kr. til år 0).
[endre] Geografi
Lyngen kommune utgjer det meste av halvøya mellom Lyngenfjorden og Ullsfjorden i Troms. Kommunesenteret er Lyngseidet, der avstadnen mellom fjordane er berre tre kilometer.
Landskapet er dominert av fjell, særleg fjellmassivet Lyngsalpan som også har den høgaste toppen i fylket, Jiehkkevárri (1833 moh).
Namnet Lyngen viser til Lyngenfjorden og kjem av det norrøne ordet «logn» som tyder «stille» eller «roleg». Fjorden er største i fylket og skjer seg 85 km inn i landet.
Den 20. februar 2004 vart Lyngsalpan landskapsverneområde oppretta i statsråd. Dette sikrar eit av dei mest markante fjellområda i Nord-Noreg for framtida. Verneområdet er prega av tindar, brear, ville og trange dalar og landskap som styrtar frå høgfjell og rett ned i havet.
[endre] Tettstader
[endre] Bakgrunnsstoff
- Denne artikkelen bygger på «Lyngen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2008.
- Kommunefakta (Troms) - frå Statistisk sentralbyrå
- Lyngen kommune sine heimesider
- Lyngsalpan landskapsvernområde
[endre] Systerprosjekt
|