See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Lakonía - Wikipedia

Lakonía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lakonia
Νομός Λακωνίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferiar Peloponnes
Hovudstad Sparta
Folketal 100 871 (2005) Rangering 37.
Areal 3 636 km²
Folketettleik 28/km²
Provinsar 4
Demer 20
Kommunar 2
Postnummer 23x xx
Retningsnummer 273x0
Bilnummer AK
Heimeside www.lakonia.gr

Lakonia (gresk Λακωνία) er eit prefektur i Hellas i periferien Peloponnes. Hovudstaden i prefekturet er Sparta. Dei største byane er Amyklae, Areopolis, Gytheion, Molaoi, Monemvasia, Mystras, Neapoli og Sellasia. Her ligg Kapp Malea, Kapp Tainaron og ein stor del av Manihalvøya.

Vest for Taygetosfjella ligg Messenia, nord for Parnonfjella ligg Arkadia, Myrtinohavet ligg i aust og Lakoniabukta og Middelhavet i sør. Øyane Kythera og Antikythera ligg i sør, men dei hører administrativt til prefekturet Pireus.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Evrotas er den lengste elva i prefekturet. Evrotasdalen er hovudsakleg eit jordbruksområde, med mange sitrus- og olivenlundar, enger og mest av alt appelsiner.

Taygetos på 2 407 moh, kjend som Pentadaktylos (fem fingrar) gjennom mellomalderen, ligg vest for Sparta og Evrotasdalen. Det er det høgaste fjellet i Lakonia og på Peloponnes. Det andre store fjellet er Parnon på 1 961 moh og ligg i aust.

Den kjende stalaktittgrotta Dirou ligg i sørvest, sør for Areopolis, og er ein stor turistattraksjon.

[endre] Klima

Området har varme somrar og milde vintrar, men i fjella, og særleg på Taygetos, er det vanleg med snø om vinteren.

[endre] Provinsar

  • Epidavros Limiras provins - Molai
  • Gytheio provins - Gytheio
  • Lakedaemonia provins - Sparta
  • Oitylo provins - Areopili

[endre] Demer og kommunar

Deme YPES-kode Sete (om forskjellig) Postnummer
Asopos 3202 Papadianika 230 56
East Mani 3201 Kotronas 230 66
Elos 3207 Vlakhiotis 230 55
Faris 3222 Xirokampi 230 54
Geronthres 3204 Geraki 230 58
Gytheio 3205 232 00
Krokees 3211 230 57
Molaoi 3212 230 52
Monemvassia 3213 230 70
Mystras 3214 Magoula 231 00
Niata 3215 Agios Dimitrios 230 60
Oinountas 3216 Sellasia 230 64
Oitylo 3217 Areopoli 230 62
Pellana 3218 Kastoreio 230 59
Skala 3219 230 51
Smynos 3220 Agios Nikolaos 230 61
Sparta 3221 231 00
Therapnes 3209 Gkoritsa 231 00
Voies 3203 Neapoli 230 53
Zarakas 3208 Reikhea 230 68
Kommune YPES-kode Sete (om forskjellig) Postnummer
Elafonisos 3206 230 53
Karyes 3210 230 67

[endre] Historie

I antikken utgjorde området store delar av staten Sparta. Lakonia var i krig med Kongedømet Makedonia og hadde mange slag mot dei. Etter kvart vart dei derimot ein del av Romarriket, og i mellomalderen ein del av Austromarriket. Etter krosstoga låg despotatet Morea her. Lakonia vart så ein del av Det osmanske riket, men Manihalvøya var i praksis sjølvstyrt. Lakonia vart frigjort etter den greske sjølvstendekrigen i 1821 og Sparta vart vald som hovudstad i det nye prefekturet. Økonomien og jordbruket blømde gjennom 1800-talet. Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen byrja folketalet å gå noko nedover, då folk flytta frå landsbyane til større greske byar lenger nord eller til utlandet.

[endre] Bakgrunnsstoff

Koordinatar: 37°00′N 22°35′E

[endre] Kjelde


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -