Kvartærtida
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvartærtida eller berre kvartær har vore ei nemning på dei siste omlag 2 millonar åra i tidsrekninga vår, rekna etter geologisk tidsskala. I 2004 avgjorde Den internasjonale kommisjonen for stratigrafi at inndelinga av jordas nytid (kenozoikum) i tertiær og kvartær skulle erstattast med ei inndeling i paleogen og neogen.
Pleistocen og holocen inngår no som to av fire geologiske epoker i neogen. Grunnen til å slutta med kvartær som periode, er at starttidspunktet ikkje kunne definerast klart. Den klimatiske defisjonen lét seg ikkje sameina med grensene for dei stratigrafisk definerte epokene. Tida var fyrst og fremst prega av stadig nye, store nedisingar på den nordlege halvkula, og framvoksteren av den moderne mennesket.
Grensa mellom tertiær og kvartær har vore noko ulikt plassert, men er ofte blitt sett til 2,5 millionar år før nåtida. På den tida fann dei første istidene stad, med store kontinetale isskjold på mildare breddegrader (45°–70°N). Temperaturen i verdshava sank, og det skjedde store endringar i både marine og kontinentale økosystem.
Kvartærtida har vore prega av ei rekke istider (30–40) med mellomliggjande mellomistider. Avstanden mellom istidene har gjennomsnittleg vore ca. 100 000 år. Sidan jorda har vore ein isfri planet gjennom det meste av historia si, har kvartærtida vore ein særskild tilstand.
Kvartærgeologi er namnet på faget som studerar prosessane som forma jordoverflata under kvartærtida.