Kleppe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kleppe er den største tettstaden og adminstrasjonssenteret i Klepp kommune på Jæren i Rogaland fylke . På Kleppe bur det omlag 3000 menneske, men medrekna Verdalen er det 6000.
Klepp kyrkje frå 1846 ligg mellom dei to høgdedraga Kleppevarden og Haugabakka. Nedanfor kyrkja ligg Kleppekrossen, som er sentrum i bygda. I Kleppekrossen finst bankar og ymse butikkar . I nordaustre delen av Kleppe ligg Klepp stadion og Kleppe skule. Vidare i austleg retning mot Klepp Stasjon ligg idretts- og symjehall, turnhall og ny ungdomsskule (bygd i 2005).