Kitzbühleralpane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kitzbühleralpane er ei fjellkjede som ligg rundt Kitzbühel i Austerrike, og strekk seg frå Zillertal i vest til Saalachtal og Zell am See i aust. Ho grenser til Gerlospass og øvre Salzachtal i sør, Inntal opp til Wörgl i nord, og til Sölland, St. Johann i Tyrol, Fieberbrunn, the Griessenpass og Leogang i aust.
Fjella er ideelle for alpint jordbruk, fjellturar og skisport. Dei høgaste fjelltoppane ligg i det sørvestlege hjørnet, og Kreuzjoch strekk seg opp til 2 558 m.
Om lag midt i fjellkjeden ligg det vidgjetne skisenteret i Kitzbühel.