Kapp Bojador
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kapp Bojador er eit vestafrikansk forland, på kysten av Vest-Sahara. Rundinga av Kapp Bojador var ein viktig milepæl i den portugisiske utforskinga av Afrika på 1400-talet. Ved Kapp Bojador blir Kanaristraumen så sterk at dei som runda forlandet med seglskip aldri kom attende. Sjømenn var dessutan redde for å segle sør om kappet fordi dei trudde at vatnet berre ville bli varmare og varmare inntil det kokte. Dei første europearane som runda kappet og kom attende var portugisiske sjømenn under Gil Eanes i 1434.
På arabisk heiter kappet Abu Khatar, som tyder "far til det farlege" Kappet er ikkje tydeleg på kart, men ligg 220 km rett sør for Fuerteventura på Kanariøyane.