Joe Boyd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joe Boyd (f. 5. august 1942) er ein amerikansk plateprodusent.
Sjølv om han er amerikansk har han jobba mest med britiske band. Han er mest kjend for sitt arbeid med folkemusikkrelaterte artistar som Nick Drake, Fairport Convention, John Martyn og The Incredible String Band. Han har også produsert R.E.M. sitt tredje album Fables of the Reconstruction og dei første singlane til Pink Floyd.
I 2006 gav han ut boka White Bicycles som handlar om korleis det var å lage musikk på 1960-talet.