Ilon Wikland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilon Wikland (f. 5. februar 1930) frå Tartu i Estland, er ein svensk-estisk illustratør, dotter til sivilingeniør Max Pääbo og kunstnar Vida Juse. Ho kom til Sverige som flykting då ho var fjorten år gamal.
Ilon Wikland er fremst kjend for sine illustrasjonar av Astrid Lindgrens bøker. Det er berre Pippi Langstrømpe og Emil i Lønneberget som har fått originalillustrasjonane teikna av andre, Ingrid Vang Nyman respektivt Björn Berg.
Wikland teiknar ofte rundkinna born med oppstopparnase, men er svært nøye med detaljar for å finne det som fangar ein litterær figurs karakter. Dei rufsete Mattisrøvarane i 'Ronja Røverdatter' fann ho i køen på Systembolaget og Karlson på taket i Hallane i Paris!
Ho har skildra sin eigen barndom i boka Den långa, långa resan (Stockholm 1995) (norsk tittel: Den lange, lange reisen) , skreven saman med barnebokforfattaren Rose Lagercrantz.