Herne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
---|---|
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Arnsberg Kreisfri by |
Grunnlagd | 1862 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
51,41 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
165 355 3 326/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 65 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 44601-44653 |
Telefon-retningsnummer | 02323, 02325 |
Bilnummer | HER |
Heimeside: www.herne.de |
Herne er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 165 000 innbyggjarar. Byen ligg i Ruhrområdet ved elva Emscher midt mellom byane Bochum og Gelsenkirchen.
Som dei fleste andre byar i området var Herne ein liten landsby fram til 1800-talet. Då kolbrytinga og produksjon av stål oppstod i området vart landsbyane i Ruhr-området byar.
Herne i dag inneheld dei tidlegare separate busetnadane Herne, Wanne og Eickel. Gardane med desse namna vart grunnlagd på 1000- og 1100-talet. I 1860 opna den første kolgruva, og dei neste tjue åra vart folketalet tjuedobla og Herne vart ein by. Den same utviklinga hadde Wanne og Eickel, som i 1926 vart slått saman til den nye byen Wanne-Eickel. I 1975 vart Wanne-Eickel, som då var ein by med over 70 000 innbyggjarar, slått saman med Herne.
Det vert halde eit marknad kalla Cranger Kirmes i bydelen Crange kvart år i august. Det er det tredje største marknaden i Tyskland med om lag 3,5 millionar vitjande. Ein kan spore dette markedet tilbake til 1400-talet då bønder starta å handle hestar.
Av kjende personar frå byen finn ein Jürgen von Manger, Kurt Edelhagen, Jürgen Marcus, Heinz Rühmann, Tana Schanzara og Jan Zweyer.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Herne, Germany frå Engelsk Wikipedia .