Grimstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0904 |
Fylke: | Aust-Agder |
Administrasjonssenter: | Grimstad |
Flatevidd: | 303 km² |
Folketal: | 19 809 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2007-2011): | Hans Antonsen (V) |
Målform: | Bokmål |
Nettstad: | www.grimstad.kommune.no |
Grimstad er ein kystkommune i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar til Arendal i aust, Froland og Birkenes i nord og Lillesand i vest. Grimstad fekk bystatus i 1816. I 1971 vart dei tidlegare kommunane Landvik og Fjære slengne saman med Grimstad.
Byen er kjend for sin vene skjergard og for sitt unike teater i eit steinbrot i Fjæreheia. Teateret vert drive av Agder teater og vart opna i 1993. Her er over 1000 sitjeplassar.
I 1953 vart den fyrste plastbåten i Noreg produsert og sjøsett av Herbert Waarum (plastbåten sin far). Seinare kom firmaet Herwa plast i Grimstad.
I 2002 vart mikrobryggeriet Nøgne Ø stifta, bryggeriet har motteke ei rad prisar for sitt øl.
Grimstad er òg kjend for at forfattaren Roald Dahl budde her delar av somrane han var i Noreg. Han budde då på Strand hotell på Fevik aust i kommunen.
Avisa i byen heiter Grimstad Adressetidende og kjem ut tre gonger i veka.
[endre] Tettstader
- Arendal (67 av dei 31 182 som bur i tettstaden Arendal bur i Grimstad kommune, resten bur i Arendal kommune.)
- Fevik
- Grimstad
- Jortveit
- Rygene (9 av dei 648 som bur i tettstaden Rygene bur i Grimstad kommune, resten bur i Arendal kommune.)
[endre] Kjende personar med tilknytting til Grimstad
- Thor Hushovd, syklist
- Dag Otto Lauritzen, tidlegare syklist
- Henrik Ibsen, forfattar. Ibsen budde i Grimstad frå 1844 til 50 som apotekarlærling. Han flytta vidare til Oslo for å studera. Ibsenhuset museum (opna i 1909) var bustad frå 1847.
- Knut Hamsun, forfattar, budde på garden Nørholm frå 1918 til 1952. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1920.
[endre] På verdsveven
- Grimstad turistinformasjon
- Grimstad Adressetidende
- Kommunefakta Aust-Agder frå Statistisk Sentralbyrå
|