Ge Hong
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ge Hong (284–364), kinesisk 葛洪 (pinyin Gě Hóng), også kjend som Zhichuan, var ein lågare embetsmann under Jin-dynastiet (263-420). Sjølv om han tidvis jobba i militæret som rådgjevar og liknande tok han alltid ein viss distanse til det verdslege og han var i periodar einebuar. Han skreiv innanfor fleire felt, men er mest kjend for sine taoistiske verk og diverse skrifter om alkymi.