Forollhogna nasjonalpark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark | ||
Totalareal | 1062 km² | |
Landareal | 1062 km² | |
Sjøareal | 0 km² | |
Område | Hedmark, Sør-Trøndelag |
Forollhogna nasjonalpark er ein nasjonalpark oppretta i 2001 og omfattar areal i kommunane Holtålen, Midtre Gauldal, Rennebu, Os, Tolga og Tynset i Sør-Trøndelag og Hedmark fylke.
Folk i bygdene rundt nasjonalparken har brukt området mykje både sommar og vinter. I vatna har dei fiska fjellaure, og om hausten har dei jakta reinsdyr. Pilegrimsleia til Nidaros (Østerdalsleia) kryssar nasjonalparken.
[endre] Vern og bruk av parken
Formålet med nasjonalparken er å verne
- eit i stor grad urørt fjellområde,
- landskapsformer og det biologiske mangfoldet med ein variert vegetasjon med stort innslag av kravfulle planteartar og eit rikt dyreliv med ein høgproduktiv villreinstamme,
- kulturminne og kulturlandskapsinnslag.
Jakt, fiske og friluftsliv er tillate.