Faringdon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Faringdon er ein marknadsstad i Vale of White Horse, nær Thame-dalen i Sør-England. Sjølve tettstaden er lokalisert mellom elva Thames og Ridgeway i Oxfordshire.
I 2004 fekk Faringdon status som Fairtrade-stad. Faringdon er også basen til Faringdon Gateway, som hjelper forretningar i Oxfordshire med utvikling og oppretthalding.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Namnet Faringdon tyder bregnedekt ås. Kongane av Wessex og seinare England åtte eit palass lokalisert i Faringdon. Det har gått rykte om at ein av kongane døydde der, men det er truleg ikkje sant.
Vekemarknaden blei til allereie på 1200-talet, og er heldt ved like den dag i dag.
Under den engelske borgarkrigen vart Robert Pye holdt som fange i sin eigen heim i Faringdon. Huset hans står den dag i dag i tettstaden, og det noverande huset blei bygd i 1750.
[endre] Transport
[endre] Bussar
Faringdon er forbunde til Wantage med vanlege bussruter. Reisa tar bortimot 30 minutt og går innom stadane som ligg i mellom. I 2007 var nyttinga av tilbodet så dårleg at ruta står i fare for å bli lagt ned. Faringdon er også bunde til Swindon og Oxford med vanlege bussruter.
[endre] Tog
I 1864 opna ei nærmare seks kilometer lang jernbanelinje mellom Faringdon og hovudlinja ved Uffington, finansiert av Faringdon Railway Company. Passasjertalet var størst i 1913, men etter at passasjertalet sank dramatisk blei linja stengt i 1951.