Ella
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ella er eit kvinnenamn som truleg oppstod i England. Det kan vera ei kortform av namn som byrjer på El-, som Ellinor eller Elisabeth, eller for namn som slutter på -ella, som Gabriella eller Donatella. Ella har namnedag både i Noreg og Sverige den 19. februar.
Innhaldsliste |
[endre] Tyding
I den siste namnetypen er -ella eit kvinneleg diminutiv. Det er òg gjort framlegg om at namnedelen kan ha samanheng med den germanske namneendinga -ali, som tyder annleis eller framand. Andre igjen bind Ella saman med namn som Eline eller Elena, som igjen kjem frå Helena og tyder strålande.
[endre] Bruk
Namnet har vore mykje brukt i den engelsktalande verda, og har i dag aukande popularitet. Ella er blant dei hundre mest brukte namna i USA, og blant dei tjue mest brukte i Irland samt England og Wales sett under eitt. Også i Noreg har namnebruken auka kraftig sidan rundt 1995, og i Sverige var namnet det ellevte mest gjevne i 2004.
[endre] Kjende namneberarar
- Ella Baker, afroamerikansk borgarrettsforkjempar
- Ella Fitzgerald, afroamerikansk jazzsongar, som mellom anna gav ut platene Ella & Louis og Ella & Louis again
[endre] Utanfor Wikipedia
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ella hjå Statistisk Sentralbyrå
- Internasjonal namnestatistikk for Ella på behindthename.com
[endre] Andre tydingar
Ella er òg eit spansk pronomen som tyder henne.