Ekstra tung råolje og bitumen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekstra tung råolje og bitumen er tungtflytande petroleum (råolje) som finst naturleg i porøse bergartar, oljesand eller tjæresand. API-graviteten på slik petroleum er under 10 grader og har viskositet over 10 000 centipoise.
Verdas største førekomstar av ekstra tung råolje regnar ein ligg i Orinocobeltet i Venezuela og i Alberta, Canada.