Deventer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deventer | |||||
Solnedgang i Deventer | |||||
|
|||||
Plassering | |||||
---|---|---|---|---|---|
Styresmakter | |||||
Land Provinsar |
Nederland Overijssel |
||||
Borgarmeister | Andries Heidema | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
134,37 km² 131,31 km² 3,06 km² |
||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
97 377 742/km² |
||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.deventer.nl |
Deventer er ein kommune og by i Nederland i provinsen Overijssel. Byen ligg i regionen Salland og har om lag 100 000 innbyggjarar. Deventer ligg på austsida av elva IJssel, men små delar av kommunen ligg òg på vestsida. I 2005 vart den vesle kommunen Bathmen (med 5 000) slått saman med Deventer.
Deventer har ein jernbanestasjon langs den viktige linja Amsterdam / Utrecht–Amersfoort–Osnabrück–Berlin / Hamburg og langs Groningen–Zwolle–Arnhem–Nijmegen. Han ligg òg ved motorvegen A1, 90 km frå Amsterdam. Vegen går vidare til Berlin.
Deventer vart truleg grunnlagd av den engelske misjonæren Lebuinus rundt 768, som bygde ei trekyrkje her ved breidda av IJssel. Dette var ikkje den første busetnaden i området, som har vore busett sidan bronsealderen.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Deventer» frå Engelsk Wikipedia, den 19. februar 2008.