Dante Alighieri
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dante Alighieri (fødd i 1265, død i 1321) var ein italiensk forfattar og poet. Han er kjend berre som Dante, og for å ha skrive Den guddomlege komedien (La Divina Commedia). Verket er rekna som eit høgdepunkt innan verdslitteraturen og litteratur i mellomalderen. Eit grunnlag for eit moderne italiensk språk vart lagd i og med verket.
Dante Alighieri vart fødd i Firenze. Firenze var byen han skulle sjå som ”heime” resten av livet, og byen spela ei stor rolle i forfattarskapet. Han studerte grammatikk, retorikk, skolastisk logikk og teologi. Han lærde seg å skriva bra, og han studerte og leste flittig det som var av anerkjend litteratur på den tida. I 1283 debuterte han som diktar med ei sonette, som han sende rundt til dei kjende diktarane i Firenze. Då var han 18 år gamal. Sonetta skulle seinare verta det første diktet i diktsamlinga Vita Nuova, som tyder nytt liv. Dette verket var det første av Dante sine større verk. Dei første tekstane hans var i stor grad kjærleiksdikt, mellom anna skreiv han eit hyllingsdikt til "dei 60 venaste kvinnene i Paris". Denne perioda av Dante si dikting vara fram til han vart meir oppteken av politikk enn dikting.
[endre] Bakgrunnsstoff