Copyright
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Copyright er eit sett av eksklusive rettar som regulerer bruken av særskilde uttrykk av idear eller informasjon i ango-amerikanske land. I Noreg er det åndsverklova som gjeld. Mest generelt sett tyder copyright "retten til å kopiere" eit originalt verk. I dei fleste tilfella er denne retten avgrensa når det gjeld tid, som regel ei viss tid etter at skaparen av verket er død. Symbolet for copyright er som regel ein c med ein runding rundt, eller (c).
I prinsippet kan alle slags åndsverk få copyright; det vere seg dikt, avhandlingar, skodespel, filmar, operaer, musikalar, komposisjonar, songar, innspelingar, måleri, teikningar, skulpturar, fotografi, dataprogram, radio- og fjernsynssendingar og mange andre ting.
Copyright-lovene dekkjer berre måten ein idé eller konsept er unnfanga på, ikkje sjølve idéen, konseptet, stilen eller teknikken som kan vere nytta for å skape verket.
Spesielt figurar skapt eller kjøpt av Disney-konsernet er verna ved hjelp av copyright.
[endre] Sjå og
Artikkelen om opphavsrett