Château-Chinon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Styresmakter | |
---|---|
Land Region Departement |
Frankrike Bourgogne Nièvre |
Geografi | |
Flatevidd - By |
4,28 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
2 307 539/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 534 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 58120 |
Heimeside: www.ville-chateau-chinon.fr |
Château-Chinon er ein landsby og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Nièvre i regionen Bourgogne. Byen har om lag 2 500 innbyggjarar.
[endre] Historie
Château-Chinon har ei lang historie. Heilt tilbake til 700-talet eksisterte det ei borg med riddarar frå Chinon. På 1100- og 1200-talet vart det bygd massive bymurar rundt byen. Som vassallar for hertugane i Burgund måtte riddarane av Chinon i mellomalderen levere material og honningprodukt til hoffet i Dijon. Ludvig XIII forlot byen på byrjinga av 1600-talet og gav borga til ein av rådgjevarane sine. Byen vart først viktig igjen på 1900-talet då den seinare franske presidenten François Mitterrand var ordførar her frå 1959 til 1981.