See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Bund - Wikipedia

Bund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Algemeyner Yidisher Arbeterbund in Rusland, Lite un Poyln var ein sosialistisk organisasjon som blei danna i Vilna (Vilnius) i 1897. Mest kjent under kortforma Bund, arbeidde dei for å organisere jødiske arbeidarar til kamp for faglege, politiske og kulturelle rettar. Til det siste høyrde kravet om anerkjenning av det jødiske folkemålet yidish (jiddisch) som skrift- og litteraturspråk (sjå Jiddisch språk). Bund tok avstand frå sionismen, og gjekk inn for jødisk frigjering der jødane var (doikhkeyt).

Bund var ein del av det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet RSDRP, der dei støtta den mensjevikiske fløya, men opprettheldt stor grad av organisasjonsmessig sjølvstende. Etter at det russiske storriket fall saman på slutten av første verdskrigen, opererte Bund som sjølvstendig sosialistisk organisasjon for jødane særleg i dei baltiske landa og Polen.

Bund hadde ein eigen kampsong, Di Shvue (Lovnaden), som dei bruka attåt Internasjonalen og andre internasjonale sosialistiske songar. Han har tekst av S. Ansky (Rappaport).

I Sovjetunionen blei Bund liksom andre mensjevikiske organisasjonar forboden, men ein del bundistar valde å gå inn i det sovjetiske kommunistpartiet sin jødiske seksjon Yevsektsija for å arbeide for yidishkulturen der, noko dei delvis lyktest med på 1920-talet. Særleg i Belarus (Kviterussland) og Ukraina budde det mange jødar, og mange av dei opplevde bolsjevikstyret som det minste vondet samanlikna med dei aktuelle alternativa, da tsar-tilhengarane og nasjonalistgruppene ofte var sterkt anti-semittiske. Særleg i Ukraina gjennomførte nasjonalistgrupper store massakrar (pogromar) mot den jødiske folkesetnaden under borgarkrigen 1918-1920.

Medan Bund som organisasjon var borte i Sovjetunionen, heldt han fram andre stader i Aust-Europa (og i USA, dit han tidleg kom med jødiske utvandrarar). Særleg i Litauen og Polen stod Bund sterkt blant jødane. Ved valet i Polen i 1938, viste det seg at Bund var det største partiet blant jødane. (Vilna var elles ein del av Polen i mellomkrigstida, og ein by med mesta berre polsk og jødisk folkesetnad).

Bund hadde på mange måtar stordomstida si i Polen i mellomkrigstida, sjølv om landet hadde eit autoritært, katolsk-nasjonalistisk styre. Bund var eit politisk parti, men ikkje berre det. Dei skapte eit heilt miljø, ei livsform basert på demokratisk sosialisme og sekulær folkeleg kultur, med folkemålet yidish i botnen. Bund var ikkje minst populær blant dei jødiske kvinnene, noko arbeidet til kvinneforbundet "Yidishe Arbeter Froy" (Den Jødiske Arbeidarkvinna) kan ta mykje av æra for. Barn og ungdom blei organiserte i "Tsukunft" (Framtid) og "Sotsyalistisher Kinder Farband" (SKIF, Det Sosialistiske Barneforbundet). Bund dreiv ei rekkje aviser, med hovudorganet "Folkstsaytung" (Folkebladet) i brodden. Dei dreiv forlag, teater, idrettslag og hadde jamvel sitt eige sekulære og progressive skulevesen "Tsentrale Yidishe Shul Organisatsye" (TSYSHO). Dei hadde og sjølvforsvarsgrupper til forsvar mot overgrep og pogromar. Bund var liksom arbeidarrørsle og målrørsle på ein gong, og fekk stendig større oppslutnad.

Så kom andre verdskrigen og det nazistiske folkemordet på jødane (Holocaust). Dei fleste av dei yidish-talande jødane Bund arbeidde blant og for, blei drepne. Bund finst framleis, i land der det framleis bur ein del jødar, som Frankrike og USA i tillegg til Israel, men er ikkje noka masserørsle lenger. Yidish finst og framleis, men er blitt motarbeidd i Israel, der det er hebraisk styresmaktene vil ha.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -