Belarus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For Belarus i tydinga Republikken Belarus, sjå Kviterussland
Belarus («Белару́с», tidlegare «Белару́сь») er ei serie av firehjula traktorar produsert frå 1950 ved Minsk Traktorfabrikk, MTZ (Мінскі трактарны завод; Ми́нский тра́кторный заво́д, МТЗ) i Minsk i Kviterussland.
Traktormerket er velkjend i heile den tidlegare Sovjetunionen, og har i tillegg vorte eksportert til andre land, inkludert Noreg.
Etter at Kviterussland vann sjølvstende, vart namnet på traktormerket endra frå "Беларусь" til "Беларус".