See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Arna - Wikipedia

Arna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Plasseringa til Arna i Bergen kommune
Plasseringa til Arna i Bergen kommune
Gulfjellet. Høgste fjellet i Bergen ligg i Arna
Gulfjellet. Høgste fjellet i Bergen ligg i Arna

Arna er ein bydel i Bergen kommune. Arna vart oppretta som eigen kommune fra 1964, og gjekk inn i Bergen kommune i 1972. Før 1964 var Arna ein del av Haus kommune, som òg omfatta ein stor del av Osterøy.

Arna kjem truleg av "arinn", som tyder "skjer", og viser i tilfelle til dei to skjera som ligg ved Holmen, midt i Arnavågen, eller av "arn" som tyder ørn. Namnet er først nemnt i striden mellom baglarar og birkebeinarar på 1200-talet, og då som "Arnarfyrdhi" (treng referanse her). Frå gammalt av er namnet brukt i "Arna skipreide", eit område som femna om fastlandet mellom Stamnes i Vaksdal og Sandviken i Bergen, og ein del av Osterøy. Denne inndelinga varte ved fram til formannskapslovene kom på byrjinga av 1800-talet. Ådna er den nedarvde, tradisjonelle uttalemåten av namnet Arna, det finst i dag att i namna Ådnavegen, Ådnamarka, Ådnatun og Ådnanipa.

Arna bydel er i hovudsak delt opp i Haukeland, Unneland, Espeland, Rødland, Haugland, Gaupås, Ytre Arna, Indre Arna, Garnes, Takvam, Songstad og Trengereid.

I Indre Arna attmed Arnavågen ligg ei kyrkje (bygd 1864), eit handlesenter (Øyrane Torg), jarnbanestasjon, bussterminal og småbåthamn. 3 vidaregåande skular ligg på Garnes. Desse heiter Arna Gymnas, Arna Yrkesskule og Garnes vidaregåande skule. Janusfabrikken og ein av Toro sine fabrikkar ligg i Indre Arna.

Innhaldsliste

[endre] Samferdsle

Indre Arna ligg sentralt til. Det tek sju minutt med jarnbane gjennom Ulrikstunnelen inn til Bergen jarnbanestasjon. Med bil på E16 bruker ein om lag ti minutt til Åsane senter og tjue minutt til Bergen sentrum dersom ein køyrer gjennom Fløyfjellstunnelen.

Rundkøyringa og Arna gamle stasjon
Rundkøyringa og Arna gamle stasjon

Indre Arna er også kjent for å ha den einaste rundkøyringa i Nord-Europa med jarnbane gjennom. Til dagleg er ikkje denne jarnbanelina i bruk, men om sommaren går det eit gamalt damplokomotiv med jarnbanevogner på denne jarnbanelina.


[endre] Frå kommune til bydel

Det opprinnelege Haus formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837, og sidan delt i 1870 i Haus og Bruvik kommunar. Gjenverande Haus hadde på denne tida 4 229 innbyggjarar. I 1964 gjekk den delen av Haus som låg på Osterøy inn i nye Osterøy kommune. Samstundes endra Haus kommune namn til Arna.

1. januar 1972 vart Bergen by utvida ved at kommunane Arna, Bergen, Fana, Laksevåg og Åsane vart ei eining. Arna kommune hadde ved samanslåinga 11 766 innbyggjarar. Den 31. desember 2004 hadde Arna bydel 12 021 innbyggjarar.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Litteratur

  • Randi Andersen: Frå dei eldste tider til 1840, band 1 av Arna bygdebok, Bergen 1999 ISBN 82-419-0256-5
  • Svein Ivar Angell: Bygd nær byen 1840-1972, band 2 av Arna bygdebok, Bergen 2004 ISBN 82-419-0325-1


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -