Øvre Dividal nasjonalpark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvre Dividal nasjonalpark eller Dieváidvuovddi álbmotmeahcci, er ein av dei norske nasjonalparkane. Han vart oppretta ved forskrift i 1971 og utvida i 2006. Øvre Dividalen består av variert villmark, med område for reinbeite og leveområde for jerv. Nasjonalparken ligg i Målselv kommune i Troms fylke.
Øvre Dividal nasjonalpark | ||
Totalareal | 770 km² | |
Landareal | 770 km² | |
Sjøareal | 0 km² | |
Område | Troms |
[endre] Vern og bruk
Formålet med vernet er å ta vare på eit landområde som er lite påvirka av tekniske inngrep. Folk skal ha høve til tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. Naturgrunnlaget innafor nsjonalparken er viktig for samisk kultur og næringsutnytting. Området skal kunne brukast til reindrift.